KeelSpot vil utnytte tomtransporten langs kysten. Foto: KeelSpot

Vil revolusjonere frakt på sjøen

Gründer Svein Arild Vatsø er tidlegare skipper, og har farta mykje langs kysten. Ein dag segla han forbi heimstaden Bremanger, og såg på alt godset som stod igjen på kaia. ”Her seglar vi med ledig kapasitet og kunne tatt godset til vareeigaren med oss, om vi berre hadde visst om kvarandre”, tenkte han. Slik oppstod ideen om KeelSpot.

Eit seglande fartøy har 30-40 % ledig kapasitet i Norge og Europa. KeelSpot er ein matchmaking plattform mellom reiarar, speditørar og vareeigarar. Befraktarane legg ut førespurnad for frakt av gods frå A til B. Reiarane og speditørane kan melde interesse og gi eit tilbod.

– Her har vi allereie konkrete eksempel der ein vareeigar ønskte frakt frå Måløy til Frankrike, og fekk redusert fraktkostnad med 30 prosent ved å bruke ein reiar som utnytta ledig kapasitet på vegen, seier Vatsø.

No har KeelSpot vore i drift i 5 månadar, og hittil er det over 200 registrerte selskap og 1500 fartøy i databasen. Til sommaren er dei ferdig med piloteringsfasen, og Belgia, Nederland, Frankrike og England står for tur.

– Det er stor interesse frå reiarar, speditørar og vareeigarar på å bruke KeelSpot, og kvar dag får vi inn nye aktørar som vil nytte seg av plattforma.