Unik industriby

Det er noko veldig unikt med denne vesle industribyen i havgapet. I Florø finst det nemleg fleire store bedrifter som ikkje berre er marknadsleiande innan sitt felt, men også pionerar i det grøne skiftet og innovative i sitt fag. Fleire av dei store tungvektarane opererer innan dei havbaserte næringane. Samtidig har vi ein underskog av mindre leverandørar, som spelar ei viktig rolle for at næringslivet i Florø går godt for tida.

Flora Industri- og Næringsforening skal vere ein møteplass for utveksling av erfaringar og nye idear. Samtidig må vi legge vekt på å heie kvarandre fram. Alle bedriftene – både små og store – er avhengige av kvarandre og brikker i eit felles puslespel.

Vi må alle ta eit krafttak for havet og arbeidsplassane i kystbyen.

Gjer kvarandre gode

Det er avgjerande at vi løftar fram den kompetansen vi har i Florø, og den viktige innsatsen bedriftene gjer både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Snakk varmt om nabobedrifta og gi dei ein klapp på skuldra. Har du fleire dyktige kandidatar i søknadsbunken som ikkje passar inn hos deg? Tips ei bedrift i lokalmiljøet for å få vedkommande hit, eller snakk saman for å finne ein jobb til partnaren som blir med på flyttelasset.

Relasjon til havet

Byen Florø starta opp med blikket vendt mot havet, og dei rikdommane som kom frå det store blå. Den dag i dag hentar vi framleis rikdommen frå havet. Anten du er elektrikar, båtbyggar, servitør eller sit på eit kontor på basen eller midt i byen – så har jobben din ein relasjon til havet.

Kraft i alle former

Vi går inn i framtida med blikket retta mot havet og det havet gir oss. I Flora Industri- og Næringsforening har vi sterkt fokus på kraft, og då tenkjer vi ikkje berre på elektrisk kraft. Det er ei sterk kraft i det å stå saman, og gjere kvarandre gode. Akkurat no er det grøne skifte med grøn kraft dagsaktuelt. Vi treng meir kraft, og ikkje minst så treng vi meir arbeidskraft.

Bjørn Hollevik

Styreleiar