Det vert stor aktivitet i dokka til Westcon dei neste 17 åra. Foto: Westcon.
Sikra arbeid til 2040
Det er høg aktivitet hos Westcon Florø for tida. Med ei stor kontrakt på vedlikehald av fregattar og bygging av ny tørrdokk, vil Westcon vekse i tida som kjem. – Det er ei heilt unik kontrakt vi har sikra oss, seier prosjektleiar Gunbjørg Nygård Melkiorsen.
Kongsberg Gruppen er tildelt ei strategisk rammeavtale på driftsstøtte, vedlikehald og levetidsforlenging på Sjøforsvaret sine fregattar i Nansen-klassen. Rammeavtala er verdt 17 milliardar, og Westcon Yard Florø får ein del av kaka.
17-års kontrakt
– Vi skal utføre dokking og skipsteknisk vedlikehald og ombyggingar på fregattar i Florø. Det er ei stor og viktig kontrakt for oss, som sikrar tryggleik for verftet og dei tilsette. Arbeidet skal gå fortløpande i 17 år framover, og så langsiktige kontraktar er sjeldan vare i verftsbransjen. Vi skjøna tidleg at å jobbe med Forsvaret på desse rammeavtalene gjer ein ikkje aleine. Derfor har vi eit strategisk samarbeid mellom Westcon Yards, Coast Center Base på Ågotnes, Wilnor Governmental Services og Wilhelmsen Ship Management.
10 av 10 poeng
– Florø utmerka seg i anbodsprosessen. Vi leverte godt på alle krav, og det som er spesielt kjekt er at vi fekk 10 av 10 poeng på punktet som går på kvalitet. At vi har ei tørrdokk med overbygg er også ein stor fordel i dette prosjektet. Vedlikehaldet av fregattane vil skje inne i dokka og på nordre kai. Det første fartøyet er førespegla vedlikehald på i januar 2025. Fram til då er det mykje førebuing og planlegging som skal på plass.
Ringverknadar for lokalmiljøet
– Kontrakta er viktig for oss, men den er vel så viktig for lokalmiljøet. Forsvaret er opptatt av lokal verdiskaping, og rammeavtalen vil skape ringverknadar for bedrifter i Florø. Vi har ein del lokale underleverandørar som vi allereie brukar, og det vil drype arbeid på fleire bedrifter i Florø. I tillegg vil det bety fleire besøkande som treng kost og losji, og auka handel i butikkane. Det vil merkast lokalt.
Fleire bein å stå på
Fregattprosjektet er ikkje det einaste som har auka aktivitet hos verftet i Florø. Terje Totland har lang fartstid i bedrifta med heile 34 år. No er han leiar for skip, reperasjon og service, og planlegg alt vedlikehaldsarbeid på verftet. – Det er høgt trykk hos oss og variasjon i kva som kjem inn. Vi har alt frå offshorefartøy, lastebåtar, ferjer, og tradisjon tru har vi riggar eller «juletre» som det heiter her i Florø. No er det stor pågang på dokka og kaiene, som gjer at vi har stort fokus på å jobbe straumlinjeforma for å best mogleg nytte ressursane vi har.
– Den auka aktiviteten kombinert med forsvarskontrakta gjer at vi no investerer i ei ny tørrdokk, på vestsida av den eksisterande dokka. Den skal bli 140 meter lang og 30 meter brei. Investeringa gjer at vi kan auke kapasiteten vår ytterlegare, og bli meir fleksible ovanfor kundane.
Fulle ordrebøker og nye, store kontraktar gjer at vi over tid vil trenge opp mot 100 fleire tilsette
Dei tilsette er klare for å levere på spennande prosjekt. Frå venstre: Terje Totland, Håvard Vedvik og Gunbjørg Nygård Melkiorsen.
Skal koordinere underleverandørar
Med arbeid sikra dei neste 17 åra og auka aktivitet i alle avdelingane treng dei fleire folk. Westcon Florø har tilsett fleire allereie og blant dei nye tilskota finn vi florøværingen Håvard Vedvik. Han er planleggar på fregattprosjektet.
– Eg har ein master i maskiningeniør, og starta hos Westcon på nyåret. Det er ei spennande stilling, og då eg fekk tilbodet måtte eg berre seie ja.
Til no har eg brukt tida godt på innkøyring. Sidan eg skal planlegge og koordinere fleire avdelingar har eg hittil brukt tida på å besøke dei ulike avdelingane hos oss for å bli meir kjent med dei, før eg tar fatt på fregattplanlegging på fulltid.
– Eg skal planlegge vedlikehald av fregattane som kjem inn. Jobben min er å samle alle trådane, straumlinjeforme arbeidet og finne alle samtidigheiter slik at det ikkje blir krasj. Det er mange underleverandørar som skal inn og gjere ein jobb, og dei må koordinerast. Fartøya har ikkje plass til mange i breidda i gangane, så her må ein ha god orden i sysakene.
– No er vi ein del nytilsette i Westcon og det kjem endå fleire. Vi skal snart ha teambuilding med prosjektgruppa, først litt svetting og deretter ein hyggeleg middag. Det er ein kjekk gjeng med kollegaer her på verftet og vi blir godt kjent på felleslunsjar på tvers av avdelingar, toppturar og lønningspils.
Aukar bemanninga
Westcon Yards Florø er no 190 fast tilsette, og den auka aktiviteten krev fleire ressursar. No skal dei over tid rekruttere mellom 50 og 100 tilsette. – Fulle ordrebøker og nye store kontraktar gjer at vi treng endå fleire folk. Ein del vil sjølvsagt vere industripersonell, men vi treng òg ressursar som stab- og støttefunksjon. Vi har store team innan blant anna IT, økonomi, innkjøp, og vakthold – her er det stillingar som kan passe alle.
Framover skal Westcon auke bemanninga med både industripersonell og stab- og støttefunksjon. Foto: Westcon.