Familiane Karstensen og Sveen samarbeider på tvers av generasjonar. F.v. Harald Johan Karstensen, Nils Tore Karstensen, Silje Sveen, Trond Sveen, Kristoffer Karstensen, Elin Tveit Sveen, Geir Karstensen og Gjert Erik Karstensen.
Riggar seg for framtida
Vi er glade for at neste generasjon ynskjer å jobbe med det same som oss og det er kjekt å ha dei med i drifta, smiler Nils Tore Karstensen i E. Karstensen Fiskeoppdrett. Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk er einig, men vil samtidig få fram at det også er eit stort ansvar dei etter kvart skal overlevere til neste generasjon. Begge selskapa har vore innovative og er opptatt av å ta i bruk nye teknologiar. Samtidig legg dei sterk vekt på god fiskevelferd.
Vi lever etter mottoet: « HAR LAKSEN DET BRA, HAR VI DET BRA!»
Ny generasjon – nytt utstyr
I år skal selskapa bygge om 2 av lokalitetane med ny flåte og fleire ringar. Då vil vi ha 4 lokalitetar med moderne utstyr. Anlegga våre ligg vêrhardt til, så det er viktig med solid utstyr. Når ekteparet Trond og Elin Tveit Sveen og brørne Nils Tore og Geir Karstensen trappar ned, så har neste generasjon eit veldig bra utgangspunkt.
Må forstå fisken
Kunnskap om fisken er eit viktig fokusområde. For å lukkast med god fiskevelferd, må vi forstå fisken. Kva er det beste fiskefôret? Kvifor får fisken sår når den er vaksinert mot same sjukdom? Korleis halde lusetalet lavt utan å handtere fisken? Vi deltar i forsking og ønsker alltid å lære meir, seier Elin – og er klar på at dei har eit stort ansvar.
Satsar på god fiskevelferd
Selskapa investerer tungt i forebyggande tiltak, for god fiskevelferd og lusekontroll. Vi har i mange år hatt stor suksess med bruk av laserteknologi mot lakselus. I fleire generasjonar med fisk har vi sloppe heilt unna avlusing. Dette meiner vi er svært positivt.
Tar utfordringane på alvor
Dei to erfarne oppdrettarane legg ikkje skjul på at sår på vinteren kan vere ei utfordring. Vi følgjer godt med og har tett kontakt med fagmiljøa som kan hjelpe oss. Vi gjer det vi kan med til dømes god ernæring og robust smolt, og tilfører fisken probiotiske bakteriar som styrkar immunforsvaret. Summen av fleire tiltak skal betre velferda til fisken vår.
Saman er vi sterkare
Dei to selskapa var i 1996 dei første i Norge som starta med formell samdrift, der ein samarbeider tett. Dette har vore viktig for oss, og gitt oss tryggheit i gode og vanskelege tider. Det har vore utfordringar med fleire nedtrekk i løyva i vårt område, og auka skattetrykk. Likevel ønsker vi å bidra til auka verdiskaping og positiv aktivitet i våre lokalsamfunn.