Visjonen til Fjordane Friluftsråd er «tilrettelegging for friluftsliv for alle». Det skal vi oppnå gjennom mellom anna godt samarbeid med næringslivet i Florø, fortel Karoline Kristin Vognild og Roger Auset.
Profesjonelle og frivillige hand i hand
Omtrent midt i hamnebassenget finn du gjengen i Fjordane Friluftsråd. Dei er mest kjende for å plukke plast i fjæra, men arbeidet dei gjer er mykje meir enn det. Hovudfokuset vårt er tilrettelegging for friluftsliv for alle, fortel prosjektleiar Roger Auset. Haldningsendringar, folkehelseperspektivet, friluftsskulane og StikkUt prosjektet er alle viktige faktorar for å få «alle med».
Den blide trønderen er spesielt opptatt av samarbeid på tvers, både av generasjonar og organisasjonar. Målet vårt er å få til store ryddeaksjonar der næringslivet, skulane og dei frivillige organisasjonane samarbeider.
Florø-bedriftene stiller opp
Fjordane Friluftsråd har god erfaring med næringslivet i Florø. Dei er villige til å stille opp både med ryddeaksjonar og økonomisk støtte. Det vi mest av alt vil satse på framover er lokale aksjonar der til dømes ei bedrift stiller med folk og utstyr eller eit måltid til ryddelaget – og ikkje minst at dei ryddar i lag med ein skuleklasse eller eit lag. Det vil vere motiverande for alle, og alle deltakarane vil få ei god sosial oppleving – samtidig som ein ser at det monnar.
Arbeidsplass i vekst
Roger Auset, som koordinerer prosjekta «Rydd Norge Vestland», «Skuleturne for havet» og «Marin forsøpling og førebyggande arbeid» har arbeidsdagen sin både ute i feltet og inne på kontoret på Horne Brygge. Med seg på kontoret har han i tillegg nytilsett prosjektleiar for «Rydd Sogn og Fjordane» Karoline Kristin Vognild og Jan Erik Hansen som driv StikkUt prosjektet. Kystrenovatørane Eline og Kay Valvik har og basen sin på same stad.
Karoline er ny på laget
Karoline Kristin Vognild (27) er siste tilskot på stammen til kontoret i Florø. Eg vart oppfordra til å søke stillinga som prosjektleiar for «Rydd Sogn og Fjordane», og for meg er dette ein spanande jobb, som passar med både utdanning, bakgrunn og interesser. Karoline kjem frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og har samarbeidd med friluftsrådet om ein del prosjekt tidlegare. Ho har dessutan ei solid utdanning i «Miljø og naturressurser » frå NMBU på Ås. Med spesialisering innan forureining og økotoksikologi, er jobben i Florø midt i blinken.
I den nye jobben ser Karoline spesielt fram til å jobbe i eit team der ein legg vekt friluftsliv, og ein god kombinasjon av profesjonelt og frivillig arbeid. For meg blir det mykje planlegging og tilrettelegging for dei frivillige. Med ein overordna jobb, der eg både skal vere ute på feltarbeid, organisere aksjonar og skrive søknader og rapportar for å få inn midlar, reknar eg med å vekse med jobben, smiler prosjektleiaren fornøgd.