Frå Florø formidlar Bravo Seafood laks og ørret til verden. Foto: Bravo Seafood.

Med verden som arbeidsplass

Det er mange detaljar som skal koordinerast, dokumenterast og følgjast opp når 25 000 tonn eller 60 millionar måltid med laks og ørret skal formidlast frå Florø til forbrukarar i Europa og Asia. Salsselskapet Bravo Seafood har knekt koden.

I sjøbua ytst på Horne Brygge sin kaikant finn vi ein gjeng med glade fiskehandlarar. Svein Helge Bruheim, Håkon Åsvang og Tore Svarstad etablerte Bravo i 2008, og har sidan då utvikla selskapet til å selje laks og ørret til nesten 50 land. 2023 var eit spesielt år då dei passerte 2 milliardar i omsetnad.

Vi er tilgjengelege

Dagleg leiar Karl Petter Myklebust meiner at nøkkelen til suksess ligg i engasjerte og flinke medarbeidarar.

– Kjerneverdiane våre er ikkje tomme ord, men noko vi lever opp til kvar einaste dag. Vi skal vere tilgjengelege og engasjerte, og vi skal ha god kompetanse på det vi driv med.

– Vi samarbeidar med familieeigde oppdrettselskap langs heile den norske kysten. Totalt er det 25 selskap som samarbeidar med oss for å få fisken ut i verda. I 2023 selde vi 25.000 tonn laks og ørret, og det meste er ferskt. Den ferske fisken har ei kort haldbarheit, og derfor dårleg tid til å rekke fram til sluttmarknaden og kunden i tide. Det er mange detaljar som skal følgast opp og dokumenterast frå fisken er pakka til den er levert hos kunden, og vi er med heile vegen. Kundane og leverandørane våre legg merke til dette. Vi er tilgjengelege heilt til fisken er levert, uansett tid på døgnet.

Beherskar fleire språk

– Med verden som arbeidsområde er det viktig å forstå kunden sin marknad. Ein stor del av fisken som Bravo sel går til Asia, og er eit viktig satsingsområde for oss. Derfor har vi styrka oss med folk med forskjellig kultur og språkforståing. På distriktskontoret i Oslo har vi tre dyktige fagpersonar på flyteamet vårt, leia av Qiao Chen frå Kina. Til saman beherskar dei 6 ulike språk.

Store mål

Trass ein beskjeden stab på elleve tilsette, satsar dei for å vere på topp i sin bransje. – Vi skal vere det mest kostnadseffektive salsselskapet for laks og ørret. Det må vi vere for å kunne tilby konkurransedyktige vilkår til oppdrettarane og kundane vi samarbeider med.