Eit av mange fartøy som legg til ved Florø hamn sine kaier får hjelp til trossing. Foto: Florø hamn.

Knutepunkt vest

Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt Vestlandskysten saman med verda. Florø er eit naturleg bindeledd mellom sjøen, vegen og lufta, og eit knutepunkt for sjøtransport mellom Ålesund og Bergen. – Vi har satt kursen for vegen framover, seier hamnesjef Linda Mortensen Midtbø og driftsleiar Ørjan Storesund.

– Primæroppgåva vår er å sikre eit godt hamnetilbod. Vårt område strekk seg frå Hyllestad i sør, til den sørlege delen av Kinn. Tryggleik er ein avgjerande faktor. Er det manglar på kaier eller farar i farvatnet er det vår oppgåve å løyse dette. Det kan vere alt frå å ha jamleg vedlikehald på kaier til å reise ut på sjøen når vi får meldingar om potensielle farar i farvatnet. Det dei fleste kanskje ikkje veit er at vi handsamar søknadar om flytebrygger, kablar og liknande i hamneområdet vårt.

– Ein gong fekk vi rapport om ei trekrone i sjøen og hasta av garde i båten vår Ytterøyane. Då vi byrja å heise trekrona, viste det seg at det var eit 15 meter høgt tre som hadde satt seg fast i botn. Det var litt av ein jobb, men vi fekk det til, seier Ørjan Storesund.

I drift heile døgnet

For å sikre ei trygg og smidig drift har dei ei ansvarleg hamnevakt som sørger for all kommunikasjon mellom sjø og land. Hamnevakta er på 24 timar i døgnet, og hjelper til der det skulle vere behov.

– Vi har mange fartøy som er innom dei seks kaiområda vi driftar i løpet av ein dag. Nokon ligg til kai over ein lengre periode, medan andre er innom ein kort tur for å losse eller laste varer. Då er det viktig å ha god kommunikasjon internt og med aktørane som brukar lokalitetane våre for å ha ei smidig drift, seier Linda.

– Hamna skal sørge for at all ferdsel på kaiene og i våre farvatn er trygge. Ved uvêr og snøfall kan det bli svært travelt for hamnevakta. Heldigvis er dei tilsette ein fleksibel og triveleg gjeng som stiller opp og hjelper til når det trengs.

Ei hjelpande hand i Florø hamn

At Florø hamn strekker seg langt for å hjelpe til er det fleire som kan bekrefte. I løpet av eit år har hamna rundt 7000 anløp. Nokre av fartøya som legg til kai er faste travarar i hamnebassenget, som til dømes brønnbåten «Ro Server » frå Rostein. Skipet fraktar fisk frå oppdrettsanlegga og inn til Slakteriet.

Det er trivelege folk du treff i hamna, som tek oss godt imot og hjelper oss med det dei kan. Dei strekkjer seg så langt dei kan for å ordne plass til oss, sjølv når det er trangt om plassane.

Magne Egil Sleire, «Ro Server»

Ny og spennande tid

Verda er i endring, og med dette endrar Florø hamn seg. Stabben fyr, eit av dei mest særprega fyra i landet, har vore eit kjenneteikn i logoen i lang tid. No når dei fornyar seg med ny logo, er fyret framleis med. Den skal representere både bølgjene i havet og den dynamiske drifta til Florø hamn.

– Det skjer mykje viktig utviklingsarbeid som posisjonerer Florø i front nasjonalt og internasjonalt på fornybarfeltet. Vi skal vere ei drivkraft i utviklinga av kystregionen og bidrar aktivt til å forsterke dette framtidsretta arbeidet. Hamnehuset er det første næringsbygget i gamle Sogn og Fjordane som vart BREEAM-sertifisert, som er Norge si fremste miljøsertifisering for bygg. No er bygget fullt med havbaserte bedrifter.

– Vi har tilbydd kundane våre tilkopling til landstraumanlegg sidan medio juni 2021 og det første året leverte vi 1,5 GWh straum til fartøya. No legg vi til rette for at det også vert lading for hurtigbåtane som skal gå i Florø-bassenget. Vi følger utviklinga i bransjen, og skal vere tidleg ute å legge til rette for at kundane våre kan få nytte framtidsretta teknologi.

Liten organisasjon som gjer mykje

Florø hamn er ein liten organisasjon, med 6 tilsette, drift 24/7, og store prosjekt i arbeid.

– Ein kan dra samanlikningar mellom Florø hamn og eit isfjell. 90% av eit isfjell er usynleg frå havoverflata og slik er det litt med oss også. Det er mange aktørar og anløp som skal koordinerast der vêr og vind er ein faktor. Samarbeid internt og mellom aktørane er viktig for at vi skal ivareta alle så godt som mogleg. Dialogen med leigetakarar, kunder og privatpersonar er grunnleggande for at vi skal utvikle oss i takt med samfunnet. På denne måten kan vi tilpasse oss og tilby eit godt hamnetilbod, avsluttar hamnesjefen.

Saman med SFE har dei stifta selskapet Skipskraft, og leverer landstraum til fartøy som ligg til kai i Florø. Foto: Florø hamn.