Vestnes Ocean innreier skip verda rundt. Her frå Salmar si havmerd «Ocean Farm 1». Foto: Vestnes Ocean.

Innreiar prisvinnande skip

Dei reiser overalt, frå Singapore til Tasmania og Polen. Med hovudkontor på Evja har Vestnes Ocean reist verda rundt for å innreie skip. Den norske fiskebåten «Ecofive» blei kåra til «Ship of the Year» under Nor-Shipping 2023. – Vi skal gjere ei totalinnreiing på båten, seier dagleg leiar Jonny Bjørnset.

– Då båten kom til Westcon i oktober var det eit tomt skal. Vi skal gjere ei totalinnreiing, som betyr at vi utfører heile jobben frå å isolere skroget til det er ein fullt innreia båt med nøkkelen klar i døra. Det er ein stor og viktig jobb for oss. Prosjektet skal vere ferdig i juni, og då har mellom 15 og 20 tilsette stått på i ein periode over åtte månadar for å komme i mål.

Verdas største cruiseskip

Det er ikkje første gongen Vestnes jobbar med skip i ein eigen særklasse. I porteføljen til Vestnes Ocean kan du finne fleire skip frå luksuriøse cruiseselskap som Royal Caribbean Cruise Lines, Celebrity og Ritz Carlton. – Vi har gjort store jobbar med å innreie cruiseskip i Frankrike. Den største jobben var for Royal Caribbean sin «Wonder of the Seas», som er over 360 meter langt og kan huse nærare 7000 gjestar. Vi begynte på jobben i 2021, og har levert og montert innreiing som golvsystem, veggar, tak og møblar på 4000 kvadratmeter. Kvaliteten på arbeidet vårt fekk A1, den høgaste scoren ein kan få, og det er vi skikkeleg stolte over. No er vi i gang med å innreie det femte cruiseskipet for Celebrity, og jobben skal vere ferdig i slutten av 2025.

Lokalt og internasjonalt

Det er over 60 år sidan familiebedrifta starta si verksemd, og dei har no vakse til å bli ei bedrift med internasjonale røter. Dei har mellom anna fast base i Norge, Polen, India og Frankrike.

– Vi gjer jobben der kunden er, anten det er eit cruiseskip i Frankrike eller ein fiskefarm i Kina. Sjølv om vi er store internasjonalt, leverer vi óg i lokalmiljøet. Vestnes innreier nybygg som kjem frå Brødrene Aa, og heime i Florø innreier vi kontor, med alt frå glasveggar til kontorstolar. Her har vi eigne møbeldesign, Willy og Keys, og har på trappene eit nytt design som skal lanserast på Nor-Fishing i august. Det blir veldig spennande.

– Med ein ordrereserve ut 2026 ser vi lyst på framtida. Det er sjølvsagt veldig stas, men det ligg høge forventningar på oss. Vi må berre fortsette å levere topp kvalitet på det vi gjer, avsluttar Bjørnset.

Den norske fiskebåten «Ecofive» blei kåra til «Ship of the Year» under Nor-Shipping 2023. Vestnes Ocean skal utføre heile jobben frå å isolere skroget til det er ein fullt innreia båt med nøkkelen klar i døra.