Foto: Egil Aardal

Frå Florø til verda

Her i Florø lever vi ved og av havet. Kystbyen vart etablert nettopp på grunn av havet og dei rike fiskeria. Folk kom hit for å nytte ressursane som havet gav, for å skape arbeidsplassar og å bygge eit samfunn. Dette samfunnet lever og er høgst oppegåande den dag i dag. Framleis er det havet som gir oss ei enorm verdiskaping, trygge arbeidsplassar og gjer Florø til ein god plass å bu.

Havnæringane er ein sentral del av økonomien og kulturen i Florø. Det er ein imponerande aktivitet knytt til desse næringane, som gir store ringverknader i lokalsamfunnet. Men også internasjonalt med Florø-bedrifter som opererer i Senegal, Kina og Australia.

Vi har samla dei gode historiene om det gode næringslivet i Florø – basert på ressursane frå og på havet – for å vise verda kva Florø har å by på.