Dei tilsette i Evoy skal revolusjonere fritidsbåtbransjen. Foto: Evoy.

Evoy – ein global aktør

Evoy er først ute og marknadsleiar på elektriske motorsystem for båtar som vil køyre i høg fart. No har dei selt elektriske motorsystem til 20 land. – Vi bygger morgondagens teknologi, i dag.

Vi designar, utviklar og konstruerer plug-and-play elektriske motorsystem for båtar i størrelsen 20-50 fot. Evoy tilbyr både innanbords-, og utanbordsmotor, som spenner frå 120 til 400 hestekrefter. Kvart system blir levert med kablar og batteripakke, klar for installasjon i ein ny båt eller ettermontering i ein eksisterande båt. Motorsystema leverast óg med vår eigenutvikla programvare for fjernvedlikehald, pluss ein egen app som hjelper deg med lading, turplanlegging og meir.

– Først trudde vi at vi skulle bygge elektriske båtar, men vi ombestemte oss, seier Leif Stavøstrand, gründer og administrerande direktør i Evoy. – Kvifor vere båtbyggar nummer 5.001 når ein kan levere elektriske motorsystem til 5.000 båtbyggarar?

Levert til 20 land

Evoy blei grunnlagt i 2018 og har hovudkontoret sitt her i Florø. Vi sette vår første prototype på vatnet i 2019. I 2021 fekk kundane dei første nøkkelferdige elektriske motorsystema i båtane sine. I dag har Evoy eit team på 50 internasjonale tilsette og eit globalt nettverk av båtbyggarar som installerer Evoy sine elektriske motorsystem. Det gjer at vi har selt motorar til kundar i 20 ulike land – mellom anna Japan og Australia.

Nyt stillheita på sjøen

Fleire kommersielle aktørar og folk med eigen fritidsbåt ønskjer å gå over til elektrisk drift. For berre nokre få år sidan var dette ein nyheit, no er det ein del av framtida vår. Vi kan peike på mange fordelar med å velje elektrisk. Det er freistande for mange å reise med nullutslepp og utan forureining av havet. Men det har også praktiske fordeler som at det fjernar drivstoffkostnadar og reduserer behovet for motorvedlikehald. For både kommersielle og fritidskundar har elektrisk båtliv ein sterk appell, fordi det er stille – du kan fordjupe deg i naturen eller nyte ein samtale med passasjerar utan å rope over støyen frå ein tradisjonell motor.

Reisa har nettopp begynt!