Ocean Electronics har levert maritim elektronikk på brua til fiskebåten M/S Støttfjord. Foto: Ocean Electronics
Eit århundre med historie
Med røter heilt tilbake til starten av 1900-talet har den tradisjonsrike Florø-bedrifta spesialisert seg på maritim elektronikk. Sidan den gong har Ocean Electronics utvikla seg til å bli eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i landet.
Historia byrja i 1912 då Ludvig Solberg opna si eiga forretning i Florø. Sidan den gong har dei vore omstillingsdyktige og følgt endringane i bransjen. Sidan 1925 har dei levert radioutstyr, noko dei i dag har reindyrka til maritim sektor. Dagleg leiar John Sigurd Solberg tok over i 1990, og er fjerde generasjon i familiebedrifta.
I 2018 slo dei seg saman med Måløy Radioforretning og bytta namn til Ocean Electronics. Nyleg fusjonerte dei med Westronics i Bergen for å sikre breiare og spissare kompetanse, og har vakse til å bli eit av dei største selskapa innan maritim elektronikk i Norge. Bedrifta har vakse til 25 tilsette og ei omsetning på 100 millionar.
Vi er der kunden er
– Nesten alle kundane våre har ei tilknyting til Vestlandet og Norge. Vi har kontraktar med reiarar, fiskeflåtar og verft langs den norske kysten. Ein del av fartøya seglar over heile verda, og det er langt å reise til Norge for service. Derfor koordinerer vi serviceoppdrag der kunden er. Til no har vi reist ut til alle kontinent og levert service på fartøy.
– I tillegg er vi importør for ein del merker, blant anna eit gyrokompass frå Japan som vi leverer både i Norge og andre land. Mange båtar blir bygd i andre land, som Korea, Kina og Japan, der dei er utstyrt med merker vi representerer. Då kan dei kontakte oss, så kjem vi og utfører service. Kompetanse og service er avgjerande for kundane våre. Etter samanslåingane har vi fått betre kapasitet, og er meir fleksible.
John Sigurd Solberg er dagleg leiar og har videreutvikla selskapet i over 30 år.
Gode folk er viktigast
Oppskrifta for å halde det gåande, og vekse i ein tøff marknad, er enkelt i følge han sjølv. – Det er menneska som utgjer bedrifta. Vi har ei fagsterk bemanning som består av teknikarar, ingeniørar og saksbehandlarar med mange års erfaring i faget. Vi legg vekt på å vere fleksible og dukkar opp der det trengs når det trengs.
Å knytte til seg kompetanse er noko vi jobbar med heile tida, og sørger for å halde oss fagleg oppdatert. Sjølv om vi jobbar med kompetanseheving treng vi fleire hender for å hjelpe kundane våre. No søker vi etter fleire teknikarar, servicepersonell og lærlingar innan maritim elektronikk.