Ocean Hyway Cluster jobber tett med industrien for å utnytte dei kommersielle moglegheitene innan hydrogen- og ammoniakkløysingar i maritim industri. Her frå den årlege hydrogenkonferansen – som vert arrangert i Florø. Foto: Ocean Hyway Cluster.
Ny industriell aktivitet og ringverknadar ved nye etableringar
«Regjeringens visjon er at Norge skal være et foregangsland i utviklingen av en grønn, sirkulær økonomi som reduserer den samlede miljø- og klimabelastningen og skaper nye arbeidsplasser i hele landet. Ressurser må brukes og ombrukes mer effektivt i giftfrie kretsløp og erstatte uttak av, og produksjon med nye ressurser». Dette seier Regjeringa i sin handlingsplan som kom 14. mars 2024.
Ei raskare omstilling til ein meir sirkulær økonomi vil bidra til å redusere Norge sitt globale klima- og miljøfotavtrykk. Vestlandet er i ferd med å omforme den maritime industrien gjennom miljøvennlege løysingar. Ved å stimulere til utsleppsfri produksjon av både hydrogen og ammoniakk og å nytte restråstoffet ved denne produksjonen så markerer Vestlandet seg som eit globalt knutepunkt for grøn næringsutvikling. Norge har ressursar og kompetanse for å produsere klimanøytrale løysingar som reduserer utsleppa våre. Den maritime næringa står mellom anna for omlag 50 % av Norge sine nasjonale utslepp. Så overgangen til nye løysingar i den maritime næringa er svært viktig for å nå nasjonale klimamål.
På Holmaneset i Svelgen planlegg Fortescue Industries fabrikk for produksjon av ammoniakk. Illustrasjon. Fortescue.
Som nasjonal klynge har Ocean Hyway Cluster gjennom år bygd opp eit nettverk av bedrifter frå heile denne næringa. Vår styrke ligg ikkje berre i vår eigen kompetanse, men og i vår evne til å fasilitere samarbeid og partnarskap, noko som er svært avgjerande i realiseringa av dei framtidige hydrogenbaserte verdikjedane. Som eit nasjonalt knutepunkt legg vi til rette for synergiar og moglegheiter gjennom samarbeid, slik at våre medlemmar kan realisere sine ambisiøse satsingar og bidra til ein berekraftig vekst. Dette gir ringverknader både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Ringverknader av ny industriell aktivitet
I etableringa av ny industriell aktivitet basert på grøn industriutvikling registrerer vi store ringverknadar for den framtidige samfunnsutviklinga. Aktørar som Fortescue er eit godt døme på dette. Etablering av ammoniakkfabrikken på Holmaneset i Bremanger kommune vil gje leverandørmoglegheiter både lokalt og regionalt. Etableringa styrkar Norge sin posisjon i det grøne skiftet med mål om å bli ein verdsleiande maritim nasjon innan 2030 i henhold til regjeringa sitt vegkart for Grønt industriløft.
I tillegg til ammoniakkfabrikken vil ein produsere store mengder biprodukt, som oksygen og varme. Dette gjev ytterlegare grunnlag for etablering av ny næringsverksemd innan mellom anna; metallurgi, kjemisk industri, avløpsrensing, medisinsk bruk, romfart, fiskeoppdrett, brenselproduksjon, laserteknologi og forsking og utvikling. Nye verdikjeder vil kunne etablere seg både lokalt og regionalt i samband med denne etableringa. Fortescue samarbeidar med partnarar både i Norge og Europa for at grøn energi produsert på Holmaneset skal bidra til ein grøn, sirkulær økonomi som reduserer dei samla miljø- og klimabelastningane.