Den engasjerte gjengen i Origod er alltid på farten for å serve enkeltpersonar og næringslivet. Foto: Photoevent.

Servar enkeltpersonar og næringslivet

På Origod har ein alltid levert skreddarsaum, og det skal vi fortsette med, fortel nytilsett dagleg leiar Ola Teigen. Arbeidet til Origod er prega av å vere eit stort samfunnsansvar, anten vi leverer mekanisk arbeid til industrien, køyrer søppel- og flyttebil eller får folk opp og fram til ein meiningsfull arbeidsdag.

Samfunnsoppdraget er ein av dei viktigaste grunnane til at Ola søkte stillinga som dagleg leiar av attføringsbedrifta. Det er ei spennande bedrift der ansvaret for heile samfunnet og enkeltpersonar står i fokus.

– Dessutan har eg god erfaring med å jobbe i ein organisasjon som nettopp har vore gjennom ein samanslåingsprosess, smiler eks-ordføraren og siktar til Kinn kommune.

Servar havnæringane

– Eg har enorm respekt for arbeidet som er gjort i Origod. Her er flinke tilsette og Petter Refsnes har leia arbeidet på ein framifrå måte. Sjølv har Ola store ambisjonar når det gjeld å serve industrien. I dag har vi kundar innanfor alle maritime næringar i kystbyen. Vi er ei typisk kystbedrift og frå verkstaden vår leverer vi viktige komponentar og tenester til for eksempel Niprox, Westcon, Evoy og basen for å nemne nokre.

Ola Teigen er ny dagleg leiar i Origod.

Ei viktig brikke

– Det same gjeld tenester som vedlikehald av eigedom, utkøyring av matter, bossbil og snøbrøyting. Vi er, som det står på bilane våre, alltid på farten. Vi er ei viktig brikke for mykje av næringslivet i Florø – og vi er stadig på jakt etter nye kundar. Mange av våre tilsette tilhøyrer gruppa som lett kunne stått på utsida av samfunnet. Gjennom Origod opplever desse meistring og at ein er ei viktig brikke i samfunnet.

Skreddarsaum til alle

Ola Teigen fortel at han er audmjuk for den jobben han no skal inn å leie. Saman med styret og dei tilsette skal vi stake ut kursen for framtida.

– Samfunnsoppdraget vårt er å få folk i i arbeid. Samtidig skal vi vere ei viktig brikke for næringslivet og samfunnet rundt oss. Eg vil gå for skreddarsaum på alle nivå – der vi leverer det enkeltpersonane, samfunnet og næringslivet treng.